Haugen Fjellgard - Mat fra vest

Haugen Fjellgard

I fleire år har folk frå inn- og utland besøkt Haugen Fjellgard i Eksingedalen for å nyte naturen og stillheita. No kan dei òg nyte heimelaga pølse etter lokal oppskrift.

– Mange gardar i Modalen og Eksingedalen har sine eigne pølseoppskrifter som gjerne er brukt i fleire generasjonar. Vi har òg vår eiga oppskrift, og no ønskjer vi å dele den gode smaksopplevinga med fleire, fortel Elisabeth Holth.

Saman med ektemannen Kåre-Magnar Trefall har ho i fleire år invitert folk til å overnatte på bruket. Med det nye tilskotet i drifta, kjem dei til å delta på fleire marknader framover. Når Bergen Matfestival går av stabelen i år, er dei sjølvskrivne gjestar.

Eit solid stykke handarbeid

Pølsa frå Eksingedalen blir røykt på orreved, og blir laga i fleire ulike variantar.

– Dette er ei tradisjonell middagskorv av storfekjøt, men vi lagar òg grillpølser.

På garden tilbyr ekteparet ei enkel matservering til grupper på mellom tolv og 25 personar. På menyen kan det gjerne stå laks eller pølser. All maten er heimelaga og av god kvalitet.

– Pølseproduksjonen er førebels heilt i startgropa, så vi er spent på kor stor etterspurnaden etter produktet blir etter kvart. Det ligg i alle fall eit godt stykke arbeid bak ei god pølse. Dei har fått mange gode tilbakemeldingar frå kundar hittil.

Eldorado for fot- og skiturar

Overnatting på gardsbruket har ekteparet drive med i rundt 20 år. Her leiger dei ut to stølar på Haugastølen og Trefallsstølen, samt tre hus i god standard. På sjølve garden er det både kyr og sauer.

– Vi har nokre gjestar som kjem att år etter år fordi dei likar seg så godt. Dei synest naturen er flott, med mange fine fjell og fiskevatn i nærleiken. Eksingedalen er eit flott utgangspunkt om ein likar å gå tur i fjellet om sommaren, eller gå på ski om vinteren, fortel Holth.

Sosial jobb

Elisabeth har alltid vore glad i å treffe folk, men har ikkje hatt høve til å reise så mykje sjølv. Tilbodet om overnatting på garden har derimot gitt ho mange gode samtalar med folk frå fjern og nær.

– Ein kjem i kontakt med veldig mange flotte folk når ein driv utleige på denne måten som vi gjer, der vi sjølv bur på garden. Dei som er nyfikne på å sjå korleis det er her, er hjarteleg velkomne innom på besøk, inviterer ho.

Haugen Fjellgard

  • Ligg midt i Eksingedalen, to kilometer frå riksvegen i Vaksdal kommune.
  • Driv med mjølkeproduksjon, og har både kyr, hund og katt på garden.
  • Har utleige av hus og stølar.
  • Har nyleg starta produksjon av heimelaga pølser, basert på ei lokal oppskrift.
  • Følg Haugen Fjellgard på Facebook


Kontakt

Haugen Fjellgard
5728 Eidslandet
Tlf. 56 59 58 33 / 47 88 24 54
E-post: post@haugengard.no
Nettside: haugengard.no