Hatten Bigard - Mat fra vest

Hatten Bigard

Gjer kvardagen din litt søtare

Naturleg søtt frå birøktaren

Med utgangspunkt i eit stort forbruk av honning, starta Andreas Kårbø verksemda Hatten bigard. No gjer han kvardagen til andre litt søtare.

– Etter å ha kjøpt store mengder honning av ein lokal produsent, fekk eg spørsmålet om eg ikkje hadde vurdert å starte for meg sjølv. No har eg hatt eigen bigard sidan 2002, smiler Andreas Kårbø.

Honningsøt sylte

 

Frå dei 30 bikubane hans som er å finne i Øygarden og på Voss, produserer han den tradisjonelle vestlandshonningen lynghonning, samt bringebærhonning som blir laga av nektar samla frå villbringebærplantar.

– I tillegg sel eg flytande, ukrystallisert honning og såkalla tavlehonning med bitar frå sjølve kubene, fortel mannen som har gjort honning til si binæring.

Kårbø kan òg by på naturleg søte syltetøy i mange variantar: Bringebær, skogsbær, tyttebær og blåbær. Syltetøyet blir kokt, men elles blir ingen av produkta hans varmebehandla. Ifølgje Kårbø gjer det sluttproduktet reinare.

Leverer på døra

Så populære har produkta til birøktaren i Øygarden blitt at etterspørselen ikkje alltid kan imøtekomast.

– Eg er veldig nøye med at kvaliteten på det eg sel skal vere i ypparste klasse – det er ei eiga marknadsføring i gode produkt, seier birøktaren.

Produkta er å få tak i på Bergen Matfestival og Kystmuseet i Øygarden. Men for dei som skulle ønske seg noko søtt i kvardagen, er det alltid ei råd.

– Eg får med jamne mellomrom telefonar frå personar som ønskjer å kjøpe honning. Då er eg ikkje vanskelegare på det enn at eg tek med meg honning når eg har eit ærend i Bergen likevel.

Hatten Bigard

  • Med utgangspunkt i eit stort forbruk av honning, starta Andreas Kårbø verksemda Hatten bigard.
  • No gjer han kvardagen til andre litt søtare.


Kontakt:

Hatten Bigard

Andreas Kårbø
Hatten
5336 Tjeldstø
Tlf: 930 55 015

E-post