Hardanger Saft- og Siderfabrikk - Mat fra vest

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

Vidarefører tradisjonar frå 1200-talet

Eple i kvar dråpe

På fruktgarden Lekve i Ulvik driv dei ikkje lenger berre med tradisjonell gardsdrift. I 2004 starta dei Hardanger saft- og siderfabrikk, som har vorte ein viktig del av drifta på garden.

Allereie nokre år etter oppstart av verksemda vart lokala for små, og det vart bygd eit større anlegg.

– I 2008 skilde vi ut drifta på eige gards- og bruksnummer. Fabrikken lagar i dag eplemost, sider og eplebrennevin. I 2012 laga vi òg likør og dessertvin for fyrste gong, fortel Nils J. Lekve som eig og driv garden.

– Det gar gått bra, og for å produsere nok vert det no laga saft og sider av alle eplene vi har, legg han til.

Omvising, smaking og servering

Det vert arrangert ei rekke omvisingar på garden, som kan ta i mot og arrangere selskap for opp til heile 90 gjester.

– Det er stor interesse for produksjonen og vi har mange omvisingar. Då får dei smake på produkta våre og mange vil gjerne kjøpe med seg ei flaske sider frå garden, noko reglane diverre ikkje tillét, seier Lekve.

Tradisjon tilbake til 1200 talet

Allereie på 1200 talet starta ein med siderproduksjon i Hardanger. Det var munkane som byrja å dyrka eple og siderkunsten oppstod.

– Det er ei ære å føre slike tradisjonar vidare, og vi gler oss veldig over dei gode tilbakemeldingane vi får på produkta våre, fortel han.

Reine naturprodukt

For å få best mogeleg smak på produkta våre nyttar Lekve berre godt utvikla eple. Det er 100 prosent reine naturprodukt utan tilsetjingar av noko slag.

– Vi grovfiltrerer og pasteuriserer safta før den vert tappa på «vin-kartong». Då beheld vi mest mogleg av smak og næringsinnhald, og safta held seg i minst to år etter produksjonsdato, forklarar Lekve.

Eplemosten er per i dag til sals på garden og hjå dei fleste butikkjedane i Hordaland fylke. I Oslo kan du finne den hjå Mat & Mer Bjølsen. Bestiller ein på nettet kan eplemosten òg sendast i posten.

Hardanger Saft- og Siderfabrikk

  • På fruktgarden Lekve i Ulvik driv dei ikkje lenger berre med tradisjonell gardsdrift. I 2004 starta dei Hardanger saft- og siderfabrikk, som har vorte ein viktig del av drifta på garden.


Kontakt

Hardanger Saft-
og Siderfabrikk

Lekve Gard
v/Nils J. Lekve
5730 Ulvik
Tlf. 56 52 61 61 / 901 22 835

E-post
Facebook
hardangersider.no