Hardanger Akvasenter - Mat fra vest

Hardanger Akvasenter

Starta landets første visningsanlegg for fiskeoppdrett

Viser fram laksen til folket

Hardanger Akvasenter ville gjere noko meir. Vise fram korleis dei arbeider og tilby noko ekstra. Resultatet vart landets fyrste visningsanlegg for oppdrett av fisk, og ein restaurant med eit rikhaldig utval av utsøkte lakserettar.

Som dei første i Noreg opna Hardanger Akvasenter sitt visningsanlegg for fiskeoppdrett i 2007.

– Senteret gir eit unikt høve til å lære laksenæringa å kjenne. Her er det samla informasjon og kunnskap slik at ein kan sjå korleis laksen lever, seier Åsta Haugarvoll, dagleg leiar ved senteret.

– Ute på anlegget har vi fleire kamera og skjermar der ein får sjå korleis laksen har det i merdene. Vi er opptekne av at fisken skal ha god plass, og med alt ferskvatnet frå fjellet har vi friske og glade laksar, fortel ho.

Kulinariske opplevingar

I andre etasje over forflåten ligg restauranten som kan huse opp til 100 personar.

– Eg er oppteken av god mat og likar å koke, seier Åsta.

At dette er noko ho kan og trivast med er tydeleg når ein ser buffeen. Her er gravlaks, sylta, rå, bakt og marinert laks, sushi og patée.

Mange besøkande

– Journalistar og folk frå næringa kjem frå inn- og utland og nyttar lokalene våre til møter, visningar, konfirmasjon og andre arrangement.

Ho legg til:

– Nyleg var Norges Handelshøyskole sin sommarskule her for 6. året på rad. Skussmåla då dei gjekk var, «Amazing, people, amazing nature, amazing food». Klart det er kjekt når folk er nøgd, ler Åsta.

Hardanger Akvasenter

  • Hardanger Akvasenter held ope alle dagar unntatt måndagar i sommarsesongen. Opningstida er 11.00 - 17.00.
  • Det er open kiosk på Steinstø kai der det er høve til å kjøpe blant anna lakseburger, kake og kaffi.
  • Båt ut til sjøanlegget går kvar heile time. Frammøte på kaia i Steinstø.
  • Akvasenteret er ope for kurs, konferansar og grupper etter avtale heile året.

Kontakt

Hardanger
Akvasenter AS

Steinstø kai
5612 Steinstø
Tlf: 56 55 55 40

E-post
Facebook
akvasenter.no