Håjen Lefsebakeri - Mat fra vest

Håjen Lefsebakeri

Bakst som får borna til å ete fisk

Fiskebrød - kva er det?

Dette spørsmålet får vi ofte seier Helga Slettehaug som starta Helgas lefsebakeri heime på garden Slettehaug i Naustdal på slutten av 1990-tallet.

Seinare har verksemda skifta namn til Håjen lefsebakeri har no fleire tilsette og produksjon heile året.

Fiskebrødet er eit tradisjonsprodukt og mest kjent i Sunnfjord, der ein brukte det til fiskemåltid. Det tynne mjuke brødet brukte ein attmed lettsalta torsk og brosme, enten ein tok smør på brødet og åt ved sida av, eller la fisk, potet, gulrot og stekt flesk inni brødet. For borna er dette ein kjekk måte å ete fisk på.

Ofte på Bondens marked
Men brødet kan brukast på så mange måtar, til dømes med smøreost, urter og pålegg som laks og spekemat vert det til nydelege lefserullar til småmatbordet.

På Håjen vert det baka både smurde lefser som den kjende Sunnfjordlefsa med rømmekling eller tjukklefse med smørkrem. I tillegg lagar dei natronkaker, potetkaker og flatbrød.

Håjen lefsebakeri deltek på Bondens marked i Bergen, men ikkje om sommaren, ettersom dei då driv Håjen kafé heime på garden med heimelaga middag og Håjen sin eigen iskrem i tillegg til lefser.

Driv eigen kafé
Råvarene kjem frå garden eller så nært garden som mulig. Kafélokalet ligg i den gamle låven som er eit grindverksbygg. Her kan du nyte fjordutsikt over Førdefjorden og besøke Luftkampmuseet som skildrar flydrama under 2. verdskrig.

Sommarkafeen er open søndag til fredag frå kl. 12-18.  

Håjen Lefsebakeri

  • Hadde først namnet Helgas lefsebakeri.
  • Held til ved garden Slettehaug i Naustdal.
  • Lagar blant anna fiskebrød, som er tradisjonsbakst frå Sunnfjord i Sogn og Fjordane.


Kontakt:

Håjen Lefsebakeri

Slettehaug
6817 Naustdal
Tlf: 57 81 82 60

E-post
Facebook