HAV - fersk fisk og skalldyr - Mat fra vest

HAV - fersk fisk og skalldyr

Handlar direkte fra lokale fiskemottak

Den lokale fiskehandleren

Hos HAV Fisk & Skalldyr AS kan du faktisk ta alt for god fisk. – Vi handlar direkte frå lokale fiskemottak og sikrar oss dermed den beste sjømaten, seier dagleg leiar Kenneth Larsen.

Fangsten ligg i fiskedisken hos HAV i lokala deira på Kjøttbasaren innan 48 timar etter at den er dratt opp av havdjupet.

– Ved å handle med den lokale kystfiskarflåta får vi eit produkt som held høgare kvalitet enn om vi skulle fått fisken vår frå dei store trålfartøya som går langs kysten. Ein liten sjark vil alltid drive eit meir bærekraftig og kvalitetsmessig fiske enn ein stor industritrålar, slår Kenneth fast.

Stort utval

Slik sikrar HAV at bergensarane får fersk sjømat kvar einaste dag, rett frå havet. Ein kan kjøpe heile fisken, eller ein av dei mange velsmakande rettane Kenneth og kollega Martyn Lamond byr på.

– Vi har i dag fiskekaker, fiskepudding, fiskegrateng, gryter og supper. Alt basert på fersk og lokalfanget fisk. Ingen tilsetjingsstoff, berre ekte heimelaga fiskemat. Eigenprodusert fiskemat er det vi kjem til å ta med oss ned i gata til Bergen Matfestival, seier Martyn.

– Bergens beste fish & chips

Noko av det Martyn har teke med seg frå Skottland til HAV Fisk & Skalldyr AS vert av mange sett på som den britiske nasjonalretten.

– Fish & chips er ein rett som samlar folk, og som eksisterer i utruleg mange oppskrifter. Løyndomen bak ein vellukka rett er fersk fisk, heimelaga potetchips og godt øl. Eg er sikker på at vår fish & chips Bergens beste, konstaterer Kenneth.

HAV - fisk og skalldyr

  • Har Bergens beste fish & chips, og ein rekke andre spanande og ferske sjømatrettar.
  • Opningstider:
  • Måndag - fredag: 10.00 - 17.00
  • Torsdag: 10.00 - 18.00
  • Laurdag: 09.00 - 16.00


Kontakt:

HAV - fisk
og skalldyr

Vetrlidsallmenningen 2
5014 Bergen
Tlf: 451 06 895

E-post
Facebook