Fjordane Gardspresseri - Mat fra vest

Fjordane Gardspresseri

Kombinerer kjemikarutdanning og gardsliv

Frå kjemi til gardspresseri

Med verksemda Fjordane Gardspresseri har Synnøve og Jann fått sjansen til å kombinere kjemikarutdanning og gardsliv. No tryllar dei eplemost om til blant anna edle dråpar og fruktdrops.

Både Synnøve Vik Bergstad og Jann Vestby er utdanna sivilingeniørar i kjemi frå NTNU og arbeidde lenge i hovudstaden. Då dei i 2009 flytta til Synnøve sin odelsgard på Sandane i Sogn og Fjordane, tok dei tak i tradisjonane frå garden som har drive med frukt i over hundre år.

– For kjemikarar er det nærliggjande å drive med destillering. Ein studietur til Sogn og Hardanger i 2008 gjorde at vi fekk gode idear om produksjon av eplemost, sider og brennevin, fortel Synnøve.

Laga 10 000 liter eplemost

For eplebøndene vart 2012 det første året med eplepressing. Då produserte dei eplemost til den store gullmedaljen, totalt 10 000 liter eplemost.

– Vi pressa all frukta vi hadde sjølve, i tillegg til seks tonn som vi kjøpte av andre fruktprodusentar. Det var langt meir enn vi hadde sett føre oss, men det balla veldig på seg, smiler Synnøve.

I 2013 hadde ikkje verksemda starta produksjon av brennevin og sider enno, men etter planen skulle dei starte testproduksjon allereie den hausten.

– Syrlege og aromatiske nordfjord-epler

Med tida har paret blitt reine ekspertane på eple. Og om du lurte, så smakar eple frå Nordfjord annleis enn frå andre stader i landet.

– Vi held til omtrent så langt nord ein kan når ein skal drive profesjonell fruktdyrking i Norge, det merkar ein på smaken. Naturen og klimaet i Nordfjord med lange, lyse sommardagar kombinert med moderate temperaturar gjev frukt med ein utsøkt kvalitet og aroma under frammodning.

Av eple brukar gardspresseriet blant anna Gul og raud Aroma, Raud Gravenstein, Summerred, Kronprins og Discovery. Verksemda lagar óg eplegelé og fruktdrops.

Fjordane Gardspresseri

  • Med verksemda Fjordane Gardspresseri har Synnøve og Jann fått sjansen til å kombinere kjemikarutdanning og gardsliv.
  • No tryllar dei eplemost om til blant anna edle dråpar og fruktdrops.


Kontakt:

Fjordane
Gardspresseri

Synnøve Vik Bergstad
Hauge Ytre
6823 Sandane
Tlf: 970 76 616

E-post
Facebook
gardspresseriet.no

Utsalgsstader