Fjellskål Fisketorget - Mat fra vest

Fjellskål Fisketorget

Serverer det beste innan sjømat

Sjømat for dei kvalitetsmedvitne

Frå lokala i Torghallen serverer Fjellskål Fisketorget AS det beste innan sjømat. – Vi er kanskje ikkje dei billegaste, men vi har så høg kvalitet som mogleg, seier Kenneth Fjellskål.

– Kvar kveld er det fullt hos oss, så bergensarar og turistar verdset fersk og god sjømat, seier han vidare.

Fjellskål har serveringsstad inst i Torghallen, der dei i tillegg sel fersk sjømat over disk, samt frå bodar ute på Fisketorget. Verksemda har vore på torget sidan 1980, og har opparbeidd seg eit renommé som Bergens leiande på sjømat av god kvalitet.

– Vi sel blant anna levande kongekrabbe, noko vi er åleine om å gjere i byen, seier Kenneth Fjellskål.

Kvalitetsvarer

Kvalitet på sjømaten er ikkje noko Fjellskål firar på. Og ifølgje Kenneth har dei ofte fulle hus om kveldane, samt fleire stamgjestar. Dei er verksemda sine beste ambassadørar for at dei gjer ting riktig.

– Vi skal ha dei beste produkta frå havet. Punktum. Det har vore målsetnaden sidan vi etablerte oss for 33 år sidan. Nokre vil sikkert hevde at sjømat på torget er dyrt, men kvalitet og smak heng saman, seier han.

– Det er nok av rimelege alternativ som ikkje smakar himmelsk, men er heilt ok. Men vi har lagt lista for sjømaten vår på øvste hylle, seier fiskehandlaren.

Eige røykeri

Fjellskål Fisketorget AS har òg eige eldhusrøykeri, som kan levere noko av det beste du kan få blant røykevarer.

– Tek du turen innom oss bør du smake varmrøykt krydderlaks, som vi meiner er ein av Noregs beste. Det er eit produkt som er særs populært blant turistane i sommarsesongen.

Fjellskål Fisketorget

  • Serveringsstad, røykeri og to bodar på toget. Ekspertar på fersk sjømat av beste klasse.


Kontakt:

Fjellskål
Fisketorget AS

Hovedkontor:
Bontelabo 2
5003 Bergen

Fisketorget
5014 Bergen
Tlf: 954 32 387

Les meir www.visitbergen.com