Fjellestad Gardskjøkken - Mat fra vest

Fjellestad Gardskjøken

Vidarefører tradisjonsretten Gombe

Jungeltelegrafen ga gründeridé

Kari-Ann Fjellestad selde si første gombe for 33 år sidan, etter å ha kome med tilbodet i ein bursdag. No sel kvinna frå Sandane årleg rundt ti tonn av det tradisjonelle produktet.

At Kari-Ann skulle ende opp som eigar av eiga verksemd, Fjellestad Gardskjøken, var det få som hadde førestilt seg før det faktisk skjedde. Salet av den første gomba, som er hovudproduktet til verksemda, skjedde veldig tilfeldig.

– I eit femtiårsselskap hos nabokona serverte dei gombe, då sidekameraten min ved bordet sa «tenk om ein kunne kjøpt dette på butikken.» Då sa eg, litt utan å tenke meg om, at eg kunne gjerne lage det til han. Ved juletider fekk eg ein telefon med spørsmål om tilbodet framleis stod ved lag, ler Fjellestad.

Den første kunden kjøpte ei bøtte med ti liter gombe, som han delte opp i mindre delar og ga vekk som julegåver. Etter dette var det plutseleg mange som ville kjøpe gombe til bursdagar, dåp og andre høve.

Som ein brun cottage cheese
Gombe blir ofte servert saman med lefser og er ein tradisjonell rett fleire stader på Vestlandet. Retten smakar også godt til vaflar og brød, som til dømes vørterbrød. Kari-Ann har sjølv vakse opp med gombe – og brukar framleis oppskrifta ho fekk av mor si, med nokre justeringar tilpassa ein større produksjon.

– Når nokon spør kva gombe er for noko, seier eg at det høyrer til brunostfamilien, sidan retten er kokt. Gomben skil seg ut i frå desse produkta ved at heile mjølka vert brukt, myse og ostestoff. Det vert ein slags brun cottage cheese. Tilbakemeldingane har vore veldig positive. I dag blir produktet selt i 70 butikkar, frå Molde i nord til Bergen i sør, seier ho.

Retten blir laga med utgangspunkt i mjølk, og prosessen tek rundt sju timar. Årleg produserer Fjellestad gardskjøken rundt ti tonn gombe, laga av 30 000 liter mjølk.

Vidarefører tradisjonen
Kari-Ann Fjellestad er i dag 70 år, men driv framleis Gardskjøkenet sjølv.

– Eg har ei dame som har arbeidd for meg i til saman 22 år. I tillegg har sonen min Egil, som har teke over garden, også kome meir og meir inn i drifta av Gardskjøkenet, fortel ho.

– Mange seier at om eg ikkje hadde seld dette produktet hadde det truleg gått ut av matkulturen. Gomba er ein rett som mange i dag ikkje veit korleis dei lagar. Då er det kjekt å vere med på å ta vare på tradisjonen, konkluderer Kari-Ann.

Til Bergen Matfestival tek ho med lefser, slik at dei som ønskjer det kan smake gomba saman med lefse.

Fjellestad Gardskjøken

  • Kari-Ann Fjellestad selde si første gombe for 33 år sidan, etter å ha kome med tilbodet i ein bursdag.
  • No sel kvinna frå Sandane årleg rundt ti tonn av det tradisjonelle produktet.


Kontakt:

Fjellestad Gardskjøken

Fjellbygda, Sandane
Tlf. 913 93 578

E-post
Facebook