Fish Me - Mat fra vest

Fish Me

Direkte tilgang til dagens fangst

Dagens fangst frå hav og land

Med søkjelys på ekte norsk og kortreist mat leverer Fish Me i Torghallen produkt av høgste kvalitet. Avtalar med lokale produsentar og fiskemottak gir direkte tilgang til dagens fangst.

– Me strekkjer oss langt for å få tak i lokale produkt og brukar lokale leverandørar mest mogleg for å få den ferskaste fisken og beste kvalitet, seier dagleg leiar ved Fish Me, Arnfinn Djukastein.

Ein lidenskap for mat


 

Han har arbeidd på Fisketorget i 25 år. Vossingen kom til Bergen i 1988 for å hjelpe onkelen i ein periode, men vart verande. Sidan 1990 har han hatt sitt eige utsal, Arnfinn Djukastein AS, på Fisketorget.

No driv han også Fish Me i den nye Torghallen og Røkeriet AS i Nygårdsgaten. Det er lidenskapen for mat av høg kvalitet, dei gode tilbakemeldingane frå kundane og det enorme uforløyste potensialet til Fisketorget som engasjerer han.

Eit autentisk torg

Då Torghallen opna 12. mai i fjor, var Fish Me ein av dei nye butikkane der.

– Vi har bygd ein butikk for bergensarane. Det er viktig for oss å skape eit autentisk torg for lokalbefolkninga, fortel han.

– No har vi som den første, og hittil einaste, butikken fått skjenkeløyve. Dermed kan dei som vil ha eit glas vin eller øl til maten få det, legg han til.

Rikt utval

Utvalet er stort og spenner frå levande og ferske skaldyr, fersk fisk, røykt fisk frå eige røykeri, varm og kald ferdigmat, heimelaga fiskekaker, sushi, økologisk krydder, lokal ost og spekemat, syltetøy utan konserveringsmiddel, lokal brent kaffi og meir til.

– Turistane forventar seg først og fremst sjømat, men andre lokale produkt sel òg godt. Brunost, geitost, kval, elg og rein er produkt som er kjende i utlandet og populære å kjøpe med seg, seier Djukastein.

Det kjenst på smaken

Alle dei røykte produkta hans blir handsama i eit eige røykeri, der omnane er bygd på den gamle måten, som opne røykomnar. Fisken vert røykt på den gode tradisjonelle måten, noko som kjennast på smaken.

– Blant spesialitetane finn du cognac-marinert røykelaks, kaldrøykt krydderlaks, mango- og chili-krydra laks og røykt vill-laks, seier han.

Den røykte villaksen dei sel kjem i hovudsak frå Vossovassdraget, som er kjend for storleiken på fisken og utsøkt kvalitet. Dei røykjer òg sild, makrell, torsk, blåkveite og meir.

– Vi driv eit handverk og gjer arbeidet manuelt. Vi krydrar og marinerer for hand. Dette gjer at produkta kostar noko meir, men det er dei absolutt verd, seier Djukastein.

Fish Me

  • Med søkjelys på ekte norsk og kortreist mat leverer Fish Me i Torghallen produkt av høgste kvalitet.
  • Avtalar med lokale produsentar og fiskemottak gir direkte tilgang til dagens fangst


Kontakt:

Fish Me
Fisketorget AS

Arnfinn Djukastein
Fisketorget
5013 Bergen
Tlf: 900 90 448

E-post
Facebook
fishme.no