Eventyrsmak - Mat fra vest

Eventyrsmak

Produsentnettverk frå Buskerud

Ein smak av dei djupe skogar

Granskotsirup, tørka sopp, kling, honning og mjødurtsaft – berre namna kan vekkje assosiasjonar til segn, tussar og troll. Og at produkta har ein eventyrleg smak i tillegg kan produsentane garantere.

– Produkta nemnt over kjem frå produsentnettverket med det passande namnet EventyrSMAK, og utgjer berre ein del av det rike utvalet av matvarer dei produserer. Dei i alt tolv medlemmane i nettverket held alle til i Buskerud, og ein kan lett sjå at dei hentar inspirasjon både frå historia og naturen rundt seg.

– Nokre av produsentane har spesialisert seg på tradisjonsmat, som spekemat, bakevarer som kling, flatbrød, knekkebrød og kjeks, og syltetøy og saft. Andre tykkjer det er moro å bruke ville vekstar og finne opp nye produkt, slik som rognebærsirup og geitramssaft. Så i sortimentet vårt finn du noko for einkvar smak, fortel Caroline Lehmann, dagleg leiar i EventyrSMAK.

Stadig meir populær

Nettverket har vore i drift sidan 2002, og har sidan då vorte ei kjend merkevare i både aust og vest.

– Vi driv omfattande sal på marknader og messer både på Aust- og Vestlandet, og særleg dei siste åra har vi merka stor auke i etterspørsel etter produkta våre. Heilt frå starten av har EventyrSMAK satsa mykje på å utvikle ein felles designprofil. Det gjer at kundar som besøkjer oss på ei messe i til dømes Etne, seier dei kjenner att merket vårt frå ein butikk i til dømes Oslo – noko som er utruleg moro for oss, seier Lehmann.

EventyrSMAK sine produkt er å finne i gardsbutikkar og spesialbutikkar over heile Sør-Noreg. Framover vil dei óg bli tilgjengeleg i utvalde daglegvarebutikkar.

Ein kan i tillegg bestille produkta på EventyrSMAK si nettside.

Eventyrsmak

  • Granskotsirup, tørka sopp, kling, honning og mjødurtsaft – berre namna kan vekkje assosiasjonar til segn, tussar og troll.
  • Produsentane garanterer ein eventyrleg smak.


Kontakt

Buskerud Næringshage
3350 Prestfoss
Tlf.: 932 20 682

E-post
Facebook
eventyrsmak.no

Utsalgsstader