Engesund Fiskeoppdrett - Mat fra vest

Engesund Fiskeoppdrett

Sjå korleis lakseoppdrett fungerer

Løftar fram laksekunnskap

Engesund Fiskeoppdrett opna i 2013 visningssenter ved Dyrholmen utanfor Fitjar, der alle som vil kan sjå korleis lakseoppdrett fungerer. Visningsflåten har òg selskapslokale og restaurantkjøken med kortreist, sunn mat.

– Dette er ei familieeigd og –drive verksemd der kvalitet står i høgsetet. Vi sel om lag 3000 tonn laks til eksportørar og slakteri kvart år, men har òg skapt ein laksemeny som ein kan kjøpe i vårt selskapslokale, seier Lisa Instefjord, visningsansvarleg hos Engesund Fiskeoppdrett.

Kunnskapsløft om oppdrettsnæring

Ho jobbar på Visningssenteret der interesserte kan kome på omvising på anlegget for å sjå kva oppdrett er og korleis det blir drive.

– Framleis heng nokre fordommar om oppdrettsnæringa igjen, og difor er det viktig at folk får sjå med eigne auge korleis eit fiskeoppdrettsanlegg faktisk blir drive, og at vi tek miljøet på alvor. Vi har allereie hatt fleire skuleklassar på besøk, og ønskjer skular og barnehagar hjarteleg velkomne til visningssenteret. Vi har laga undervisningsopplegg som blir tilpassa alder og fag etter mål i Kunnskapsløftet, noko som gjer at eit besøk hos oss blir ein del av undervisninga, påpeiker Lisa.

Her kan du sjå video frå niandeklassingar frå Rimbareid ungdomsskule sitt besøk hos Engesund Fiskeoppdrett

Engesund Fiskeoppdrett

  • Engesund Fiskeoppdrett opna i 2013 visningssenter ved Dyrholmen utanfor Fitjar, der alle som vil kan sjå korleis lakseoppdrett fungerer.
  • Visningsflåten har òg selskapslokale og restaurantkjøken med kortreist, sunn mat.


Kontakt:

Engesund
Fiskeoppdrett

Lisa Instefjord, visningsleiar
Postboks 64, 5419 Fitjar
Tlf: 951 89 950

E-post
Facebook
engesund.net