Eikjetunet - Mat fra vest

Eikjetunet

Lefsebaking på gamlemåten

Lefsebaking på gamlemåten

Om du vil ha lefse laga på ekte, naturleg vis med originale oppskrifter frå oldemor si tid, har Ingebjørg Grøtt frå Eikjetunet mange lefsesortar å friste med. Kjendiskokk Frode Aga er éin av kundene til Eikjetunet.

Eikjetunet er ein gard som ligg i Herand og Hardanger. Garden vert i dag drive av Ingebjørg og Terje Grøtt. Garden har ei lang historie. Den historien lever i dag videre i beste velgående.

– Det som gjer tunet vårt unikt er at det er eit tobøla tun, som står heilt autentisk slik det vaks fram på 1600 talet. Tobøla vil sei at vi har to våningshus, to stabbur, to skykkjer, to løer, eldhus, svineskut og smie. Kor gamle husa er veit ein ikkje, men det eldste våningshuset vart flytta til garden frå Ulvik i 1650.

– Dei siste åra har vi brukt mykje tid på restaureringsarbeid då husa har vore i dårleg forfatning. I dag kan vi sjå resultat då fleire av husa no står ferdige. Eit av våningshusa (Larsahuset) vert leigd ut. I Larsaskykkja og Larsastabburet er det aktivitet med lefsebakinga. Det har vore viktig for oss å få «liv» i tunet, seier Ingebjørg.

Lager lefser på gamlemåten

Ingebjørg kan fortelje at dei ulike lefsesortane delvis vert laga på gamlemåten.

– Vi har eit moderne lefsebakeri i småskala, men òg ei tradisjonell grue der vi lagear potetkaker, haringkake og krotakaker på gamle måten. Om sommaren tek vi imot besøkande som kan kjøpe lefser og ein kaffi her på tunet, seier lefsebakaren.

Merkevaren Eikjetunet er godt kjent for dei mest rutinerte besøkande på Bergen Matfestival. I tillegg til å lage ulike typar lefser under festivalen, kan du kjøpe Eikjetunet sine lefser i Jondal, Herem og hos Geilo Hallingstuer.

Eikjetunet

  • Om du vil ha lefse laga på ekte, naturleg vis med originale oppskrifter frå oldemor si tid, har Ingebjørg Grøtt frå Eikjetunet mange lefsesortar å friste med.
  • Kjendiskokk Frode Aga er ein av kundane til Eikjetunet.


Kontakt:

Eikjetunet

Eikjetunet
5628 Herand
Tlf: 975 40 980

E-post
Facebook
eikjetunet.no