Eikhaugen Gjestegard - Mat fra vest

Eikhaugen Gjestegard

Godsaker frå hagen og nærmiljøet

Med hagen som spiskammers

Produkta frå Eikhaugen Gjestegard er laga av godsaker frå hagen og nærmiljøet. Prøv gjerne spesialiteten deira: Hjorteburger med løvetannsirup.

– Det er få som lagar hjorteburgerane nett slik som oss: Med heimelaga dressing, frisk salat og tomat, med løvetannsirup som tilbehør, smiler Siv Grethe Stadaas frå Eikhaugen Gjestegard.

Den spesielle hamburgaren vart seld på matfestivalen i 2012 og vart godt tatt i mot av dei som fekk smake. I 2013 tok Eikhaugen igjen med seg det saftige hjortekjøtet frå Vinnes, samt mykje anna god mat dei laga basert på det dei har tilgjengeleg på garden ved Bjørnefjorden.

Frå sylte til sirup

I gardsbutikken deira er det mange produkt å velje mellom, og den raude tråden er kortreiste råvarer og heimelaga produkt.

– Til saman har vi sikkert over 60 ulike produkt tilgjengeleg. Vi har blant anna syltetøy, saft, urter, sirupar, oljar og eddikar, frisk og hermetisert frukt og bær i ei rekkje ulike variantar. Vi har òg eit bakeri der vi lagar lefser, kaker og bollar, fortel Siv, som er utdanna både som gartnar og kokk.

I gardsbutikken får ein tak i eit utval produkt frå nokre av produsentane, som òg er å smake på frå menyen i gardsrestauranten. I tillegg til gardsbutikken kan garden ved Bjørnefjorden tilby overnatting, kurslokale, konsertar, servering og fritidsaktivitetar.

Skattejakt med GPS

– Restauranten vår går over to etasjar i den gamle grindeløa og har plass til 110 gjestar. Her kan ein booke seg inn om ein skal halde kurs, ha fest med jobben eller feire ei privat høgstund. På menyen finn du mat som passar til sesongen. Om hausten tilbyr vi til dømes årets lam eller hjort, sopp, bær, som alt kjem frå eigen skog, sjølvsagt. Ja, og så må eg nemne dei populære konjakksylta plommene våre, smiler Siv og ler.

Gjestegarden legg gjerne til rette for aktivitetar under opphaldet.

– Våre mat- og vinkurs, fjordcruise og guida vandring og skattejakt med GPS i natur- og kulturlandskapet er spesielt populære, seier ho.

I tillegg kan ein ta seg ein padletur i skjergarden, ein sykkeltur i flott terreng, eller oppleve hjortejakt med gardens eigen sertifiserte jaktguide. Fiskeutstyr, båtar, syklar og kajakkar har dei til utleige.

Mykje glede i arbeidet


 

Reiselivsverksemda på Eikhaugen Gjestegard starta i 2000. I løpet av desse åra har dei gradvis utvida tilbodet med restaurant, gardsbutikk og overnatting.

– Vi likar veldig godt det vi driv med, og ut frå tilbakemeldingane vi får, trur eg gjestane våre merkar det. Den dagen vi ikkje synest det er kjekt å drive gjestegarden, er det på tide å finne seg noko nytt. Målet vårt er å gi gjestane ei oppleving dei hugsar lenge etter å ha vore her, seier ho.

Eikhaugen Gjestegard

  • I gardsbutikken til Eikhaugen Gjestegard er den raude tråden kortreiste råvarer og heimelaga produkt
  • Restauranten deira finn du i ei gamal grindeløe på garden, der det er plass til 110 gjestar.


Kontakt

Eikhaugen
Gjestegard

Siv Grethe Stadaas
Vinnessundet 16
5641 Fusa
Tlf: 970 09 403

E-post
Facebook
eikhaugen.no