Den blinde ku - Mat fra vest

Den blinde Ku

Ost, handlaga med ekte kjærleik

Prisvinnande ost spreiar seg

Osteprodusenten Den blinde Ku har blitt gradvis større dei 16 åra sidan den halvblinde kua Melissa kom til gards. – På sikt håpar vi å kunne kome til Bergen med eigen butikk, seier dagleg leiar Sissel Rosenfeld.

Historia startar med Sissel si mor Inger, som fekk den halvblinde kua Melissa i 50-årsgåve. Etter at Melissa kom til gards kunne Inger lære seg å yste og verkeliggjere draumen sin om å lage ost. Den blinde Ku AS var eit faktum, og sidan den gong har ostane rulla ut frå meieriet på Ås, medan prisar og hyllest har rulla inn.

– Vi har vunne nokre prisar, og det er jo sjølvsagt veldig hyggeleg. Jamvel er det viktigaste for oss å lage ein ost som folk likar å ete. Kvar einaste ost er handlaga med ekte kjærleik, der den herlege ostesmaken står i sentrum, seier Sissel.

God marknad for ost

I dag produserer Den blinde Ku om lag 40 tonn ost årleg, og no finst heile sortimentet, cirka 25 ostetypar, for sal i eigen butikk på Ski Storsenter, på Mathallen i Oslo og på Strømmen Storsenter. 15. november 2013 opna dei ny butikk på Ås.

– Vi planlegg òg ein eller to nyopningar i 2014. Vi merker at det er ein marknad for denne type spesialbutikkar, og har stor tru på vidare vekst. I første omgang etablerer vi oss på Austlandet, i nærleiken av meieriet, men på sikt ønskjer vi å vere tilstade i heile Noreg. Vi må berre finne ei løysing på logistikken, forklarer Sissel.

Blåmandag til Bergen

Om det er nokre bergensarar som ønskjer Camenås, Blåmandag eller ein av de andre ostane frå Den blinde Ku i eigen butikk, er det berre å seie i frå, seier ho og legg til:

– Då kjem vi, ler osteprodusenten.

Den blinde Ku

  • Den blinde Ku sel eigenprodusert ost på Ski Storsenter, på Mathallen i Oslo og på Strømmen Storsenter. 15. november 2013 opna dei ny butikk på Ås.
  • Ei rekkje ostar vert òg levert til restaurantar og dagligvarehandelen landet rundt.


Kontakt:

Den blinde Ku AS

Drøbaksveien 380
1430 Ås
Tlf: 900 67 505

E-post
Facebook
denblindeku.no