D/S Oster - Mat fra vest

D/S Oster

Båten du bør besøke under Bergen Matfestival

Historisk dampsus over Vågen

Er du interessert i gamle dampbåtar, god mat og drikke, så er «D/S Oster» båten du bør besøke under Bergen Matfestival.

Nordhordland Veteranbåtlag har restaurert «D/S OSTER», som vart bygd i 1908 v/ Christianssands Mek. Værksted. I heile 56 år gjekk båten i rutefart i fjordane rundt Osterøy.

Då båten hadde vore i fart i 55 år skreiv døveprest Ragnvald Hammer songen «Dar Kjem Dampen» til ære for «D/S OSTER».

Ivar Medaas sette tone til og framførte songen og denne har vore ofte å høyre på radioen. Ein kan trygt sei at denne songen har halde liv i minnet om både «D/S OSTER» og dei andre dampbåtane.

– I løpet av dei dagane Bergen Matfestival arrangerast vil «D/S Oster» ligge til kai ved Vågen. Her kan store og små kome innom for omsyning, samt kjøpe mat og drikke, seier Tor J. Bjørgaas i Nordhordland Veteranbåtlag.

Det er ikkje kvar dag veteranbåtlaget tek ut den staselege dampdrivne skuta vår, så for mange blir dette eit unikt møte med norsk kystkultur på sitt beste.

– Vi i veteranbåtlaget synes det alltid er stas å få vist fram dampskipet «vårt», sier Bjørgaas.

D/S Oster

  • Nordhordland Veteranbåtlag har restaurert «D/S OSTER», som vart bygd i 1908 v/ Christianssands Mek. Værksted. I heile 56 år gjekk båten i rutefart i fjordane rundt Osterøy.


Kontakt

D/S Oster

E-post

Les meir om den fantastiske historia til D/S Oster på oster.no