Breim Gardsmat - Mat fra vest

Breim Gardsmat

Lagar pølser med fruktvin

Pølsa med det vesle ekstra

«Rosinen i pølsa» er eit velkjend uttrykk. Hjå Breim Gardsmat er det derimot heilt andre fruktige tilsetningar som gjeld, og dei kjem rett frå eigen hage.

– Luftig og solrikt til, med flott utsikt over Byrkjelo i Nordfjord i Sogn og Fjordane, ligg Breim Gardsmat. På det tradisjonelle bærproduksjonsbruket har det i over 50 år óg vore produsert ulike slag pølser. For ti år sidan bestemte brukarane Aage Myklebust og kona Magnhild seg for å dele dei gode smakane.

– I dag produserer vi gelear av rabarbra, rips og solbær, syltetøy, saft, smoothie med jordbær og bringebær hausta i eigen hage, samt hermetiserte morellar og plommer. Vi har ikkje eigne dyr på garden lenger, men kjøper inn gode varer som vi lagar ulike typar pølse av, forklarar Myklebust.

– Prikken over smaks-i-en

Pølsene frå Breim Gardsmat er laga av flesk, saue- og storfekjøt. Middagspølsa er særs populær til jul, og både den og spekepølsa har ein smak utanom det vanlege.

– Vi brukar lokale, tradisjonelle oppskrifter, og alle pølsene våre er laga av reint kjøt, utan tilsett mjølk, vatn eller potetmjøl som mange andre. For å setje prikken over smaks-i-en tilset vi litt heimelaga vin lagt på frukt og bær frå eigen hage. Dette gjev ein heilt unik og fruktig smak som er veldig populær, fortel Aage.

Dersom ein ønskjer å teste ut den spesielle vinpølsa, samt andre produkt frå Breim Gardsmat, kan ein besøkje gardsutsalet, bestille via e-post eller telefon. Aage og kona er òg faste deltakarar på Bergen Matfestival.

Breim Gardsmat

  • «Rosinen i pølsa» er eit velkjend uttrykk. Hjå Breim Gardsmat er det derimot heilt andre fruktige tilsetningar som gjeld, og dei kjem rett frå eigen hage.


Kontakt:

Breim Gardsmat
Aage og Magnhild Myklebust
6826 Byrkjelo
Tlf.: 906 29 108 / 958 44 913

E-post
breimgardsmat.no