Bosheimsmarken - Mat fra vest

Bosheimsmarken

Reinrot - ei energikjelde til fysisk og mental styrke

Naturleg styrke frå te

I 1998 bestemte den tidlegare bemanningsansvarlege i Braathens, Steinar Haraldstad, seg for å gå nye vegar. Valet falt på gardsdrift i Valdres. Han tok vinterlandbruksskule på kveldstid og kjøpte gard i Ulnes, Bosheimsmarken som ligg 550 meter over havet.

Han melde seg inn i Økourt og på eit føredrag i regi av Bioforsk fekk han kjennskap til Reinrot for fyrste gong. Forskaren som heldt føredraget hadde forska på planten i fem år, og kome fram til at den hadde einståande eigenskaper. Haraldstad greip sjansen, og starta med dyrking og den omfattande prosessen med å vidareutvikle dette til eit kommersielt produkt.

– Mitt produkt er testa på NTNU og UIO, så eg veit at det inneheld alt det skal ha. Hugs på å drikke alt pulveret, det er der godsakene er.

Oppsiktsvekkande marknadsføring
Slagordet til verksemda er «Glad, men ikkje dopa. Blid, men ikkje rusa.».

– Det manglar ikkje på positive tilbakemeldingar på slagordet. Dette er eit ærleg alternativ til energidrikk. Det er norskprodusert, økologisk, motverkar stress, er energigivande, veldig rik på antioksidanter og 100 prosent naturleg, seier Haraldstad.

Eit alternativ på fest
I Østen har reinrot vore ei energikjelde til fysisk og mental styrke i 1000 år. Haraldstad syner til forsking på produktet i magasinet «Grønn forsking», som konkluderte med at reinrot aukar oksygenopptaket i blodet. Han fortel at produktet har veldig god effekt i nemnde tilfelle:

– Produktet kan gi deg overskot i kvardagen når du treng meir energi. Til dømes kan det hjelpe deg når det toppar seg på jobben, i eksamenstida eller til hardtrening, seier Haraldstad.

Han legg til:

– På tur er den fin. Då orkar du å gå heim att óg! Og det er óg eit godt alternativ til alkohol på fest. Med reinrot held du humøret på topp og får overskot. Ja, så kan du køyre heim etter festen.

Ta en shot med te
Hovedproduktet er ein energi-te som vert seld på boks. Boksen inneheld 40 gram reinrotpulver, og ein tilset den væska ein vil ha, kald eller lunka, fortel Haraldstad.

Han fortel vidare:

– Her har vi óg laga ein hurtigvariant som har vorte veldig populær. Den består av ein boks med 2,5 gram reinrotpulver. Då tilset ein berre væske direkte i boksen, ristar og drikk.

No klarar han så vidt å leve av produktet. Det er mange kjøparar på nettet, men marknadsføring av produktet har han sysla for lite med.

I dag vert produktet seld via nettsidene; bosheimsmarken.no, Kinsarvik Frukt i Sandvika og i butikken Smak av Valdres, som ligg i Mathallen i Oslo, Avancia på Gran, Sans på Leira, Røtter i Oslo og nokre lokale utsal.

Bosheimsmarken

  • I 1998 avgjorde den tidlegare bemanningsansvarlege i Braathens, Steinar Haraldstad, seg for å gå nye vegar.
  • Valet falt på gardsdrift i Valdres.
  • Han tok vinterlandbruksskule på kveldstid og kjøpte gard i Ulnes, Bosheimsmarken som ligg 550 meter over havet.


Kontakt:

Bosheimsmarken

v/Steinar Haraldstad
2918 Ulnes i Valdres
Tlf: 934 29 470

E-post
bosheimsmarken.no

Utsalgsstader