Beito Ysteri - Mat fra vest

Beito Ysteri

Sjå vegen frå mjølk til ost på nært hald

Osteølet frå Jotunheimen

På Beito Ysteri sitt nye opplevingsysteri kan gjestane sjå vegen frå mjølk til ost på nært hald. Dei kan òg få smake eit heilt nytt brygg.

Ved inngangsporten til majestetiske Jotunheimen, nærare bestemt på Beitostølen, har Trond Wahlstrøm drive ysteri sidan 2011. Her blir det laga ulike typar lagringsostar, samt smør, rømme og jogurt av pasteurisert ku- og geitemjølk frå dei lokale gardane.

Noregs fyrste ostebrygg

Opplevelsesysteriet opna 21. juni i 2013. Medan produksjonsmengda før dette var på 20 tonn ost årleg, har dei klart å tredoble talet i det nye ysteriet. Her får òg publikum kome innanfor dørene for å sjå.

– I fjor opna vi eit av Noregs fyrste opplevelingsysteri, med plass til 130 besøkjande om gongen. Her kan gjestane få oppleva ysteprosessen på nært hald, og læra om korleis ku- og geitemjølk blir til produkta dei har på frukostbordet sitt, forklarar Wahlstrøm.

– Som ein del av opplevinga har vi òg opna eit mikrobryggjeri. Her kombinerer vi dei to verksemdene i eitt nytt brygg, der vi nyttar mysa som blir til overs etter ystinga som eit alternativ til malten i øl. Dette er heilt nytt i Noreg, legg han til.

Med hint av India

Beito Ysteri sine ostar kan trygt kallast for ekte fjellostar. Samstundes er dei spedd med litt internasjonal inspirasjon. Mjølka blir henta frå ti gardar og stølar som ligg frå 700 til 1100 meter over havet.

– God kvalitet på råstoffet, samt kortreist råstoff, har alltid vore viktig for oss. Stølsmjølka er difor perfekt. Vi lagar tre reine ku-ostar med ulike gradar av modning. Med denne som basis kan vi deretter lage ost med nesle, karve, urta bukkehornkløver frå India; som gjev ein smak av valnøtt, utdjupar Wahlstrøm.

– I tillegg har vi ein ny ost - Fjellvill med kvann, rosmarin, persille og timiam, samt Beito spesial med ramsløk. 

Dersom du besøkjer Beito Ysteri kan du kjøpe alle produkta der. I tillegg er ostane å få kjøpt på blant anna SPAR-, Joker- og Ultra-butikkar, Centrabutikkar og på Jacobs Holtet, samt i utvalte delikatesseforretningar, kafear og restaurantar over heile landet.

Beito Ysteri

  • På Beito Ysteri sitt nye opplevingsysteri kan gjestane sjå vegen frå mjølk til ost på nært hald.
  • Dei kan òg få smake eit heilt nytt brygg.


Kontakt:

Beito Ysteri

Trond Wahlstrøm
Tlf: 61 34 04 00

E-post
Facebook
beitoysteri.no

Besøksadresse:
Knutstøl
2953 Beitostølen

I Bergen og omegn får du tak i Beito Ysteri sine produkt hjå enkelte Spar- og Meny-butikkar. For utsalsstader i resten av landet, sjå her.