Baran Bryggeri - Mat fra vest

Baran Bryggeri

Utestad med eige mikrobryggeri

Fekk forretningside på bar

Både Ali og Lasse hadde drive med heimebrygging av øl på privaten før dei kom i prat. Over bardisken til Baran Café fekk dei ideen om å starte eit mikrobryggjeri.

Historia om Baran Bryggeri starta på Baran Café, der Lasse André Raa ofte var å finne i løpet av studietida. Med tida fann stamgjesten frå Fana tonen med eigaren Ali Mostofi.

– Vi hadde begge erfaring frå bar- og restaurantbransjen, var interesserte i øl og hadde litt erfaring med heimebrygging. Ali hadde allereie starta prosessen med bryggjeri i starten av 2011, og frå sommaren same året slengte eg meg med på laget , seier Lasse.

Ønskjer meir bryggjearbeid

Frå ølhundane først diskuterte ideen om å bli gründerar, tok det tre år før Baran Bryggeri såg dagens lys. No har dei halde det gåande i eit år. Med unntak av restaurantar, er Baran Café den einaste utestaden i Bergen som serverer eigenbrygga øl.

– Hittil har produktet blitt godt motteke i marknaden. Førebels er bryggjeriet noko vi jobbar med i tillegg til dei vanlege jobbane våre. Med tida håpar vi derimot å kunne bruke meir og meir tid på produksjonen og at ølsortane våre skal bli tilgjengeleg fleire stader, seier Lasse.

Skal over på flaske

– Kva var det som lokka dykk til å starte eige mikrobryggeri?

– Når ein først jobbar i barbransjen er det veldig kjekt å kunne selje noko ein har produsert sjølv. Alderen har nok litt å seie òg – etter kvart fristar det meir med faste arbeidstider enn kva ein jobb i bar kan tilby, smiler han.

Baran Bryggeri har produksjonslokale nær Lagunen og blir drive av gründerduoen åleine. I Fana er dei det einaste bryggjeriet i området.

Baran Bryggeri

  • Både Ali og Lasse hadde drive med heimebrygging av øl på privaten før dei kom i prat.
  • Over bardisken til Baran Café fekk dei ideen om å starte eit mikrobryggjeri.


Kontakt:

Baran Bryggeri

Krohnåsvegen 48
5239 Bergen
Tlf. 452 27 370

E-post
Facebook
baranbryggeri.no