Balder Brygg - Mat fra vest

Balder Brygg

For første gong på flaske

Godt oppflaska brygg

I 2013 vart øla til Balder Brygg for første gong presentert på matfestivalen i flaske. Bak innhaldet ligg ei lang og stolt historie.

– Like før festivalen i 2013 fekk vi tak i flasketappeanlegg, noko som gjorde det mogleg å tilby flaskeøl på matfestivalen for første gong, fortel Øystein Husefest Meland, styreleiar og ein av gründerane i Balder Brygg.

Petter Nome, president i Bryggeri- og drikkevareforeningen

Petter Nome, president i Bryggeri- og drikkevareforeningen

Tradisjonsrik bryggeverksemd

I 2012 rann den første ølskvett gjennom røyra på Balder Brygg sitt mikrobryggeri, men arbeidet deira vidarefører ein gamal og stolt tradisjon frå Leikanger.

– Her i bygda har det blitt drive med heimebrygg i lange tider, og med ein far som var ein god forvaltar av gamal kultur fekk eg gjennom heile oppveksten vere med på ølbrygging. Det er difor gledeleg å få vere med på å profesjonalisere tradisjonsrik Leikanger-kultur og bringe den ut til folket, seier Øystein.

Ein bauta i nærmiljøet

Sjølv namnet Balder Brygg har tradisjonsrike koplingar.

– Det viser til Baldershage, som er ein hage i Leikanger der Harald Hårfagre gjekk då han var liten. Her er Nord-Europas største bautastein, den åtte meter høge Baldersteinen sett opp, og den finn ein igjen i logoen vår, skildrar ølbryggjaren.

Mikrovekst

Balder Brygg blir seld på Kafé Herman i Leikanger, og i tillegg på Pingvinen og Café Opera i Bergen.

– Vi har som mål å brygge 70 000 liter øl det neste året og skal kanskje auke litt til på sikt. Men sjølv om vi skal auke produksjonen, skal vi framleis vere eit mikrobryggeri med spesialisering på lager-øl, der malt står i sentrum, lovar Øystein. 

Balder Brygg

  • Balder Brygg blir seld på Kafé Herman i Leikanger, og i tillegg på Pingvinen og Café Opera i Bergen.


Kontakt:

Balder Brygg

Riverdalen 5
6863 Leikanger
Tlf: 905 11 533

E-post
Facebook
balderbrygg.no