Austmann Bryggeri - Mat fra vest

Austmann Bryggeri

Med ein kjærleik for god smak

Bryggeridraumen som vart verkeleg

Med ein kjærleik for god smak og god hjelp frå «tre gamle damer», avgjorde dei tre kameratane at dei skulle  starte sitt eige, unike ølbryggeri.

Historia til sjølve Austmann Bryggeri starta i 2012, men draumen om bryggeriet er langt eldre. Marknadsansvarleg, Thomas Andre Sjue, og ein kamerat jobba tidlegare som bryggeriassistent og kjøkensjef i eit anna bryggeri i Trondheim.

Saman med ein tredje kamerat sat dei mange seine kveldar i bryggeriet og snakka om korleis det ville vere å brygge på eiga hand.

– Sistemann i trekløveret var eigentleg på veg til Tønsberg for å starte eige bryggeri, då vi presenterte ideen om å starte opp her i Trondheim. Då slo han frå seg flyttinga, forklarar Sjue.

Boblande engasjement

Med litt økonomisk hjelp frå familie, eit eksternt styre som kunne rettleie, og produksjonslokale i boks vinteren 2012, byrja draumen om bryggeri å ta form. 2. juli 2013 var Austmann Bryggeri offisielt i gang med brygging i eigne lokalar.

– I dag produserer vi både stout med blåbær, pale ale av ulike typar, brown ale, kveiteøl og red ale.

– For oss er ølbrygging eit viktig handverk, og vi er opptekne av å gjere øl til maten like verdsett som vin. Smak er kjempeviktig, og vi tenkjer produkt utifrå kva type mat ølet skal drikkast saman med, kven som skal drikke det og stemninga. Her har vi god hjelp i styreleiaren vår som driv fiskerestaurant, utdjupar Sjue.

Kreativt

Han legg ikkje skjul på at det å få utløp for kreativitet óg er viktig for trekløveret.

– Eit av brygga har vi laga til ære for, og kalla opp etter, dei tre damene som hjelpte oss heilt i starten. Når det gjeld juleølet for 2013, bestemte vi oss for å vere litt galne. Vi laga nemleg øl som passar godt til julemat, samt ein som har litt meir snodig og morosam smak, forklarar Sjue.

Målet til dei tre er internasjonal distribusjon frå hausten 2013 av, og Austmann er allereie godt representert på restaurantar i Trondheim, Oslo, Stavanger, Bergen, Kristiansand og Ålesund.

Austmann Bryggeri

  • Med ein kjærleik for god smak og god hjelp frå «tre gamle damer», avgjorde dei tre kameratane at dei skulle starte sitt eige, unike ølbryggeri.


Kontakt

Austmann Bryggeri

v/ Thomas Andre Sjue
Bynesveien 48
7018 Trondheim
Tlf: 452 52 328

E-post
Facebook
austmann.no