Ægir - Mat fra vest

Ægir

Gourmetøl til folket

Storsatsing frå prisvinnande Ægir

I Flåm finn ein gildehallen Yggdrasil i vikingstil med dragehovud. Her kan du booke ølsmaking.

I Flåm finn ein gildehallen Yggdrasil i vikingstil med dragehovud. Her kan du booke ølsmaking.

Ægir Bryggeri sin India Pale Ale vart kåra til Noregs beste øl 2012 under Det Norske Måltid i 2013. Evan Lewis gir seg ikkje med dét.

I 2013 har Ægir lansert fem ulike øltypar.

– Dei fire øltypane som kom om sommaren er slektningar av andre sorter, og noko overfører vi frå fat til flaske. I tillegg har vi hatt eit spanande samarbeid med Boulevard Brewing, eit av dei beste handverksbryggeria i USA. Til ølfestivalen i fjor hadde vi óg med ein Dry Irish Stout, fortel Ægir-sjefen.

Både kvalitet og mangfald

Han er stolt av at Ægir fekk prisen for Noregs beste øl 2012, og seier at sjølv om bryggeriet vert større og produserer fleire typar øl, er målet framleis det same.

– Vi skal lage godt øl. Vi bryggar ikkje nye sortar berre for å gjere det. Sjølv om vi veks, er verdiane våre framleis dei same. Vi skal vere eit mikrobryggeri kjend for både mangfald og kvalitet, slår Evan fast.

Ægir har mykje forskjellig øl å by på, og kjem no med ennå fleire.

Ægir har mykje forskjellig øl å by på, og kjem no med ennå fleire.

Gourmet-øl for folket

Han meiner at nordmenn er mykje meir opptekne av øl no enn tidlegare.

– Før var nordmenn veldig medvitne på val av bil, klede, vin og mobil, medan øl alltid har vore litt bak. Det var nesten som å treffe eit menneske som berre har ete fastfood og ikkje kjenner til gourmet-mat. No kjenner fleire og fleire til mange ulike typar ølsortar, og mikrobryggeri over heile Noreg er med på å introdusere øltypar frå heile verda og å skape nye. Vi er glade og stolte av å vere med på dette arbeidet, seier Evan.

Ægir

  • Ægir Bryggeri sin India Pale Ale vart kåra til «Noregs beste øl 2012» under Det Norske Måltid.


Kontakt:

Ægir bryggeri


Flåmsbrygga
5742 Flåm
Tlf: 57 63 20 50

E-post
Facebook
flamsbrygga.no